Hjarteleg velkomen skal du og familien din vere til KRIK Familiesommar Framnes! Me gler oss til å fylle dagane med familiehygge, aktivitet og fokus på Han me trur på. Saman skapar me sommarminner!
Like ved Nordheimsund i Hardangerfjorden, ligg Framnes Kristne Vidaregåande skule. Skulen har flotte fasilitetar for å lage leir, med god internatkapasitet, campingareal, grøntareal med sandvolleyballbaner/gigantiske sandkasser, ein flott idrettshall og ikkje minst sjøen og fjella som næraste nabo.
OPPSTARTSTID
Torsdag 25. juni med innsjekk frå klokka 16.00. Born og vaksne tek imot deg og familien din på tunet og viser veg til kvar de skal bu!
UTSJEKK/AVREISE
Utsjekk på formiddag sundag 28. juni. Avreise etter middag, ca 14.00.
HELGEPASS
Framnes let oss og opne for helgepåmelding for KRIK familiesommar! Om det kanskje er vanskeleg å kome torsdag, er du og familien din hjarteleg velkomne til å melde dykk på frå fredag og så sende ein e-post til krikfamiliesommarframnes@gmail.com der de skriv at de kjem fredag og ikkje torsdag slik at dykk får rabatt. Utan å gjere det ved påmelding går me ut i frå at de kjem på heile leiren.
Leiren er hovudsakleg for familier med born i alderen 0-15 år. Pr. idag har det brukt å vere ein god gjeng born på same alder frå og med 2012-kullet. Me kan og reklamere for sjansen til å sende born som er gamle nok på KRIK ACTION i Bø som finn stad ca samtidig kvart år, sjå krik.no/action
MÅL:
- Skape ein hyggeleg leir for heile familien, med idrettsglede, trusglede og livsglede.
- Oppleve KRIK-kultur med aktivitet, leik og fellesskap
- Eigne samlingar for born, unge og vaksne med relevant undervisning/forkynning i god KRIK-tradisjon.
- At born og unge trivast, får trusopplæring, kristne vennar og gode leiropplevingar.
- Bygge KRIK sitt arbeid nasjonalt og internasjonalt gjennom fokus på lokallag, leir og medlemskap.
- Vere ein naturleg og integrert del av KRIK-arbeidet.
- Deltaking skapar tilhøyrsle – får folk til å kjenne at dei er verdifulle i samanhengen.
HJELPE TIL?
For at leiren skal fungere best mogleg, er det fint om de bidreg litt, til dømes i barneaktivitetar eller vaksenstøtte sosialt. Alle vil derfor få tildelt ei lita oppgåve i løpet av leiren. Samtidig kan du vere trygg på at du og dine skal få god tid og spelerom som familie! Vi legg til rette slik at oppgåvene er enkle og overkomelege både å planlegge og gjennomføre. Hovudansvaret ligg på komitéen, så ikkje ver redd for å melde deg til noko og at du skal stå der åleine med eit stort ansvar.
PS: “Vaksenstøtte sosialt” står oppført som “samling med formidling” i påmeldinga for å vise deg som forelder at du berre melder deg til å vere ein vaksen til stades – ikkje for å ha formidlinga.
Amigoz mini (1-3 år)
- enkel aktivitet/frileik
Amigoz (3-5 år)
- Ball- og halleik
Friendz (6-8 år)
- Ball- og halleik
- Fotball
- Vaksenstøtte sosialt (står som samling med formidling i påmelding. Du har enkel hjelperolle)
Kompiz (9-11 år)
- Ball- og halleik
- Fotball
- Mesternes mester og liknande
- Vaksenstøtte sosialt
Buddiez (12-15 år)
- Fotball
- Vaksenstøtte sosialt
Hagekro (Salg, grilling og litt førebuing)
Forbøn
Følg gjerne sida KRIK Familiesommar Framnes (https://www.facebook.com/krikfamiliesommarframnes) på Facebook for oppdateringar!
Me i komitéen skal ta imot betalinga for Framnes. Betaling for overnatting og måltid vert gjort til kontonummeret du får tilsendt på e-post før leir med ein betalingsfrist som er omlag 2 veker før leirstart, måndag 8. juni. Om du skulle gløyme det, får du ei påminning ved ankomst og det ordnar seg, men me set pris på alt som er ordna før leir.
Merk at påmeldingsavgifta kjem i tillegg og vert betalt ved påmelding. Påmeldingsavgifta er kr 400,- for KRIK-medlemmar og kr 800,- for familier som ikkje er medlem. Du kan bli medlem her: KRIK Min Side
MÅLTID
- Frukost, lunsj og middag med dessert utgjer 1378,- for vaksne og 689- for born for heile leiren.
MERK: Born fødde i 2023 eller seinare betalar ikkje for mat. Born fødde i 2011 t.o.m 2022 betalar halv pris på mat.
OVERNATTING
- Rom (alle familiar får eigen dusj/wc tilknytt rommet):
- Vaksen: 414,-/døgn, totalt 1242 for heile leiren.
- Barn: 201,-/døgn, totalt 603 for heile leiren.
- Telt: 355,-/døgn (gjeld alle i teltet). Totalt 1065,- for heile leiren.
- Campingvogn: 473,- (gjeld alle i vogna). Totalt 1419,- for heile leiren.
- Båt: 473,- (gjeld alle i båten). Totalt 1419,- for heile leiren.
PRISDØME
- Prisdøme for familie som bur på rom inkl mat: 2 vaksne + 3 betalande born: 4303 (mat) + 4826 (overnatting),- = 9129,-. Eitt barn utgjer ca 1294,-, så de kan legge til eller trekke ifrå i utrekninga. Då blir ei familie på 2+2 7835,-.
- Prisdøme campingvogn: 2 vaksne + 2 barn: 1419,- (overnatting) + 4137,- (mat) = 5556,-.
HELGEPASS
Framnes tillet i år helgepass! Då melder du deg på vanleg og sender mail til krikfamiliesommarframnes@gmail.com der du skriv at de kjem fredag. Då får du ein reduksjon på 500/betalande vaksen og 250/betalande born om du bur på rom og halvparten om du bur i telt, vogn/bobil eller båt.
OVERNATTING HEIME?
Sove heime, men deltek på heile leiren inkl middag torsdag, lunsj og middag fredag og laurdag og middag på sundag.
- Totalt 1185kr pr voksen og 593 pr barn
EINGONGSBELØP:
- Leige av sengetøy: Kr. 160,- pr. sett
*Atterhald om feil i utrekningane.
Påmeldinga opnar torsdag 12. mars 2026 kl 10.00. Påmeldinga skjer på KRIK – Min Side.
Familieleir er populært, så ver klar ved påmeldingstart for å sikre dykk plass! Eit tips er å ta turen innom Min Side før påmeldinga startar – for å sjekke at familiemedlemskapet er i boks.
Husk også at du må betale påmeldingsavgifta med VISA eller MasterCard når du melder deg på. Påmeldingsavgifta er kr. 400,- for KRIK-medlemmar og kr 800,- for familiar som ikkje er medlemmar. (Påmeldingsavgifta refunderast ikkje ved avmelding, men ved ei eventuell avlysing).
Treng du hjelp med påmelding?
krik@krik.no
Avmelding
Dersom du blir hindra i å dra på leiren, er det viktig at du hugsar å gi oss beskjed, slik at vi kan gi plassen din vidare til andre som eventuelt står på venteliste. Du kan melde av heile familien eller eit familiemedlem ved å logge inn her på KRIK – Min Side og velje:
- Leir → Familiesommar Framnes → Påmeldingsdetaljar.
Du kan òg sende ein e-post til krik@krik.no dersom du vil melde av eit familiemedlem eller heile familien. For avmelding etter 1. juni kan full pris måtte betalast. Påmeldingsavgifta du betaler ved påmelding, vil ikkje bli refundert ved eventuell avmelding.
- Frukost med nistesmøring om du vil
- Morgonmøte
- BarneKRIK-aktivitet
- Niste?
- FamilieKRIK-aktivitet
- Middag
- Fritid med aktivitetstilbud
- Kvelds
- VaksenKRIK
- Kveldsmøte
- Kveldskro
*Med atterhald om endring i programmet
Klikk her for tabelloversikt over kommende familieleirer
Spørsmål?
Kontakt leirsjef Magnus Nag Hatløy på
400 66 448
krikfamiliesommarframnes@gmail.com
Framnes Kristne vidaregåande Skule
Framnes Kristne vidaregåande Skule, Vikøyvegen, Norheimsund, Norge
View larger map


