TID ATT TIL IMPACT 2027:
IMPACT er KRIK sin nye, store påskeleir som finn stad på Voss. Leiren er for deg som er 14-19 år, og er ein fantastisk stad å oppleva påska! Der får du moglegheita til ei uforgløymeleg veke fylt med aktivitet, fellesskap, tru og påskestemning. Leiren samlar hundrevis av deltakarar frå heile landet og byr på eit innhaldsrikt program frå morgon til kveld. Du kan velja mellom eit breitt spekter av aktivitetar – alt frå ski og snowboard i bakken til bading og bowling. Og éin ting kan vi lova: dette blir fem dagar du seint vil gløyma.
PRIS FOR HEILE IMPACT-VEKA:
- Ordinær pris: 2700,- for medlem* / 3100,- for ikkje-medlem (ordinær pris)*
- Etter 15. februar blir det lagt på kr 100 på ordinær pris
- Etter 15. mars blir det lagt på ytterlegare kr 100 (totalt 200,-) på ordinær pris
Bli KRIK-medlem i dag og opplev IMPACT til ein lågare pris
KRIK-medlemskap kostar berre kr 120,-
Ved påmelding på MinSide betalast kr 2700,-/ kr 3100,-
– Leiravgift på kr 2700,-
– Påmeldingsavgift på kr 400,-
– Medlemsrabatt: kr -400,- (KRIK-medlemskap kostar berre kr 120,-)
*Merk at nokre aktivitetar kan ha ekstrakostnader. Dette gjeld mellom anna aktivitetar som krev heiskort. For informasjon om pris på dei ulike aktivitetane, les meir under fana «Aktivitetar»
INKLUDERT I PRISEN:
-
- Overnattingsplass (hugs smal madrass/liggeunderlag)
- Aktivitet/rettleiing i tre dagar (nokre aktivitetar kostar ekstra)
- Transport til og frå aktivitetar
- Morgon- og kveldsmøte
- KRIK-torgaktivitetar kvar ettermiddag/kveld
- Frukost med nistesmøring x 4 (29., 30., 31. mars og 1. april)
- Middag x3 (29., 30. og 31. mars)
Grupperabatt:
Reiser du med lokallag, kyrkjelyd eller ei større gruppe?
Vi minner om at de då får kvar tiande deltakar gratis.
Meld dykk på som vanleg, men send oversikt over gruppa til jonas@krik.no.
De vil deretter få tilbakebetalt ut frå gruppestorleiken.
Reiser du med lokallaget?
Bli Team of the Season! Les meir på krik.no/tots
Er du i ein økonomisk trong situasjon?
KRIK har eit eige leirfond for personar som er i ein trong økonomisk situasjon. Ein kan her søkja støtte for å dra på leir.
Les meir under fana «Leirfond»
Kva er IMPACT?
IMPACT er KRIKs nye store påskeleir som finn stad på Voss. Der har du moglegheita til ei uforgløymeleg veke fylt med aktivitet, fellesskap, tru og påskestemning! Leiren samlar hundrevis av deltakarar frå heile landet og byr på eit innhaldsrikt program frå morgon til kveld.Dagen startar med morgonsamling før det er tid for ulike aktivitetar. Du kan velje mellom eit breitt spekter av aktivitetar – alt frå ski og snowboard i bakken til bading og bowling. Etter aktivitetane samlast vi til middag, etterfølgt av frivillige happenings som KRIK-torg, seminar og quiz. Dette er berre noko av det vi kan tilby! På kvelden er det kveldssamling, etterfølgt av ulike sosiale arrangement og samlingar. Dagen rundast av med smågrupper, der ein kan lande dagen saman i trygge og gode fellesskap.
I likskap med alle andre KRIK-arrangement er også IMPACT eit 100 % rusfritt arrangement
Alder
Deltakarbrev
Påmeldinga opnar 19. januar 2026 kl 17.00
Påmelding til IMPACT blir gjort via KRIK–MinSide. Der fyller du inn kontaktinformasjon, vel aktivitet og betaler for leiren.
Treng du hjelp med påmelding?
Ofte stilte spørsmål (FAQ) og løysingar på andre problem finn du på
krik.no/pameldinginfo
Finner du ikkje svaret du leitar etter, kan du kontakte oss på krik@krik.no eller 22 58 80 20
Avmelding:
Av og til dukkar det opp ting som gjer at ein ikkje kan vere med på leir likevel.
Ønskjer du å melde deg av leir? Send ein e-post til krik@krik.no, så hjelper vi deg med det.
Du kan ikkje melde deg av leir sjølv.
- Ved avmelding til og med 7. mars blir leiravgifta refundert
(påmeldingsavgifta på kr 400,- blir likevel ikkje refundert).
- Ved avmelding frå og med 8. mars og til og med 21. mars blir halv leiravgift refundert
(påmeldingsavgifta på kr 400,- blir likevel ikkje refundert).
- Ved avmelding frå og med 22. mars blir det ikkje gitt nokon refusjon.
Det same gjeld dersom ein ikkje møter opp på leir.
Er du hindra i å reise på grunn av sjukdom, ta kontakt med ditt eige forsikringsselskap for å få dekka eventuelle utgifter.
Tilbakebetaling ved avmelding:
Alle avmeldingar gjort frå påmeldingsstart og til og med 15. mars blir behandla i løpet av veke 13.
Ved avmelding frå og med 16. mars vil tilbakebetalinga skje i april.
Ta kontakt med krik@krik.no dersom du opplever problem med tilbakebetalinga.
Som deltakar på IMPACT overnattar ein i klasserom. Ein må sjølv ta med liggeunderlag eller madrass. Meir informasjon om dette kjem i deltakarbrevet.
Alpint*
Bli med på IMPACT sin mest populære aktivitet. Nyt tre dagar i skibakkane på Voss! Du får instruksjon, men også moglegheit for frikøyring. Vel mellom ulike nivå:
-
Alpint (A – Pro)* – For deg som har stått mykje på alpint og søkjer utfordringar. Her øver vi på å stå på skjæret og få endå betre teknikk. Hugs ski og hjelm!
-
Alpint (B – Skier)* – For deg som har grei kontroll på ski, men ønskjer å lære meir om skiteknikk og få nye utfordringar. Hugs ski og hjelm!
-
Alpint C (Nybegynnar)* – For deg som er ny eller berre har stått litt på alpint. Her går vi gjennom grunnleggjande teknikk og har fokus på skiglede. Hugs ski og hjelm!
B.B.B – Ball, Bowling, Bading!**
Var det vanskeleg å velje mellom ballsport, bowling eller herjing på badeland på IMPACT? Det ordnar seg vettu! På B.B.B blir det sett av ein dag til kvar av aktivitetane! Ta med deg badetøy, treningstøy og bowlingskills!
Basketball
Her får du rikeleg tid på banen til å spele basketball i ulike former. Solide økter med mykje ballkontakt og god stemning!
Crossfit
Vil du utfordre deg sjølv litt ekstra på styrketrening? Her får du lære øvingar, teste heilt nye ting og kjenne på masse treningsglede og meistringskjensle. Det blir sveitte, smil og god stemning. Her får du verkeleg kjenne at hjartet bankar!
Easter Adventure
Easter Adventure byr på aktive dagar, nye opplevingar og masse latter. Kvar dag ventar nye aktivitetar og spennande utfordringar. Du får prøve deg på samarbeid og utfordre deg sjølv! Pakk varme klede, eventyrlyst og godt humør!
Fotball
Kjenner du pulsen stige berre av tanken på ein skikkeleg god fotballkamp? Her blir det masse moro, god stemning og plenty av sjansar til å vise fram både skotfot, pasningsfot og kanskje ei feiring eller to. Vi blandar leik, teknikk og kampar for nokre knallgode dagar på fotballbanen.
Game On!
Gira på å vise kva du er god for? Her må du ha med både hovud og kropp i ulike spel. Du får testa deg i både konkurranse og samarbeid. Game on!! Aktiviteten vil gå føre seg både ute og inne. Ta difor med varme klede.
HipHop
For deg som har lyst å få inn nokre triks, dansar aktivt eller berre synest det er gøy å danse! KRIK sine erfarne instruktørar lærer deg kule moves! Om gruppa ønskjer det kan det setjast saman eit nummer som blir vist på underhaldningskvelden!
IMPACT Spesial: Ski og bading!**
Klarte du ikkje å bestemme deg for bakken eller bading? Frykt ikkje! Her har du aktiviteten for deg som ønskjer både balanse og fart. Du har to dagar i bakken og ein dag med sklie, bading og hopping på badeland! Ta med deg badetøy, ski og hjelm!
IMPACTs Tøffaste
Likar du å kjenne konkurranseinstinktet og adrenalinet koke? Då er dette aktiviteten for deg. Her vil du gjennom mange ulike utfordringar vere med på å konkurrere om tittelen «IMPACTs tøffaste», samtidig som du får deg nye råtøffe vener som du opplever mykje kult med! Ta med deg klede for å vere i aktivitet både ute og inne!
Jibbing*
Nyt tre dagar i bakkane på Voss! Du får instruksjon, men også moglegheit for frikøyring. Vel mellom ulike nivå:
-
Jibbing Erfaren* – For deg som har jibba ein del tidlegare og ønskjer å lære nye og feitere triks! Eller kanskje du berre vil finjustere dei triksa du kan frå før? Hugs ski og hjelm!
-
Jibbing Nybegynnar* – For deg som har stått ein del på ski, men ønskjer å bli ein jibbar. Kanskje du til og med lærer deg eit par triks i lufta. Hugs ski og hjelm!
Klatring
Det er i motbakke det går oppover. Vi klatrar på innandørs klatreveggar og du får moglegheit til å teste høgdeskrekk. Ta med eigne klatresko om du har.
KRIK Kondis
Er du glad i å vere aktiv? Likar du å kunne gjennomføre økter som andre planlegg? Då er KRIK Kondis for deg! Ein aktivitet der du ikkje treng noko utstyr, og der du ikkje skal gjere noko anna enn å møte opp. Her vil det vere innhald av ulike økter for alle – så bli med! Aktiviteten vil gå føre seg utandørs.
KRIK Reality
På KRIK Reality får du kjenne korleis realitybobla eigentleg kjennest. Kanskje får du vere forrædar for ein dag, konkurrent i boksen eller storbonde på Farmen. Kven veit? Prøv KRIK Reality, då vel. Aktiviteten går føre seg både innandørs og utandørs.
KRIK Trippel
Kvifor velje éin idrett når du kan få tre? Her får du prøve deg på KRIK-favorittane fotball (utandørs), volleyball og spikeball!
Langrennstur
Kjenn skisporene suse under beina, snøen som glitrar rundt deg og den friske vinterlufta som gir energi. På langrenn kan du finne ditt eige tempo – anten du vil flyte gjennom løypene eller berre nyte stemninga i vinterlandskapet. Dette er ekte vinterkjensle, god stemning og meistring på ski! Ta med skiutstyr, litt smøring og sitjeunderlag. Hugs varme klede og godt humør!
Mat i det fri
Få smaken av ekte påske med god mat laga ute i vakker norsk natur. Her blir bålferdigheiter testa samtidig som ein lagar god mat og eit endå betre fellesskap. Ei perfekt blanding av frisk luft og god stemning.
Offpiste*Er du klar for å herje litt utanfor skiløypene? Vi brukar alpinanlegget, men står hovudsakleg utanfor løypene! Her kan vi finne både morosam skogskøyring, pudder og små og store «drop». Gruppene blir tilpassa etter nivå. Hugs å ta med ski og hjelm!
Peiskos
Klar for fine dagar inne med kos, spel og hygge? Gjer deg klar for brettspel, leikar og kreativ verkstad på Peiskos. Er du ein strateg i Settlers, ei kreativ sjel som likar å teikne eller perle medan praten går, eller kanskje ein racer med strikkepinnane? Ta på joggebuksa og nyt påska. Her får du sjansen til å vise ditt ekte konkurranseinstinkt.
Snowboard*
Nyt tre dagar i bakkane på Voss! Du får instruksjon, men også moglegheit for frikøyring. Vel mellom ulike nivå:
-
Snowboard Erfaren* – For deg som har køyrt ein del på snowboard tidlegare og har kontroll på begge svingane. Kanskje klarer du til og med å hoppe? Er du klar for nokre større utfordringar? Hugs brett og hjelm!
-
Snowboard Nybegynnar* – Dette er gruppa for deg som er heilt nybegynnar eller har køyrt eit par gonger, men treng å bli tryggare på å svinge begge vegar. Det blir fokus på grunnleggjande teknikk og køyreglede. Hugs brett og hjelm!
Spikeball
Er du glad i latter, lagånd og konkurranse? Spikeball er den perfekte miksen av leik, samarbeid og action. Aktiviteten er for deg som vil bli tryggare i sporten og som vil bli skikkeleg god på å herje rundt nettet! Klarer du å halde ballen i spel?
Topptur Nybegynnar
Dette er kurset for deg som ønskjer å ta eit steg inn i topptur-universet. Denne aktiviteten er perfekt for deg som har stått ein del på ski, og vil teste ut korleis kjensla av topptur og randoski opplevast. Eit introkurs som gir deg god innføring i grunnleggjande skredkunnskap, korleis bruke sendar/mottakar og korleis ferdast trygt på tur i vinterfjellet. Turane vil gå i eit tempo som alle kan halde.
Utstyr: Du må ha med eige skiutstyr og feller. Hugs hjelm! Ta med skredutstyr om du har. Dersom du treng å låne skredutstyr, send ein førespurnad på e-post til ikimpact@krik.no.
Topptur rutinert
Klar for å jakte det beste føret? Her går du saman med andre som også diggar topptur. Feller på, opp fjellet, fin utsikt, god stemning og god flyt nedover! Perfekt dersom du likar fart, høgde og kjensla av å suse ned i urørt snø! For deg som allereie har vore litt i topptur-gamet.
Utstyr: Du må ha med eige skiutstyr og feller. Hugs hjelm! Ta med skredutstyr om du har. Dersom du treng å låne skredutstyr, send ein førespurnad på e-post til ikimpact@krik.no.
Volleyball
Ingen KRIK-leir utan volleyball! Få inn hoppservar, lær deg smasheteknikken, sleng deg og fisk ballar opp frå golvet! Både for deg som har lyst til å lære volley – og for deg som har spelt ein del frå før! Du kan velje eit nivå som passar for deg:
-
Volleyball Pro – For deg som har spelt mykje volleyball og føler deg trygg på reglar, blokk, smash og ønskjer å lære meir taktikk rundt volleyball.
-
Volleyball Player – For deg som har spelt ein del volleyball og som som regel får til ein del ballvekslingar i spel, eller som ønskjer å bli trygg på dette.
* Aktiviteten krev at du i tillegg kjøper heiskort:
Betaling av heiskort blir gjort ved oppmøte på leir. Det er mogleg å leige ski/snowboard. Meir informasjon om dette kjem i deltakarbrevet.
| Tre dagar i bakken (Alpint, Jibbing, Offpiste, Snowboard) | |
| Ungdom (7-19 år) | kr 930,- |
| Keycard | kr 50,- |
| To dagar i bakken (IMPACT Spesial: Ski og bading!) | |
| Ungdom (7-19 år) | kr 680,- |
| Keycard | kr 50,- |
** Aktiviteten kostar ekstra
- Easter Adventure – kostar kr 1000,- ekstra (blir betalt i leirpåmeldinga)
- B.B.B – Ball, Bowling, Bading! – kostar kr 500,- ekstra (blir betalt i leirpåmeldinga)
DISTRIKTSBUSSAR FRÅ KRIK
KRIK set opp fellesbussar frå ulike distrikt i Noreg til IMPACT. Dette er eit ekstra tilbod, og me klarar diverre ikkje å tilby reiser frå alle distrikt. Det er òg avgrensa med plassar på desse reisene, så her gjeld førstemann til mølla. Dersom det er mange nok på venteliste, kan me setje opp ekstrabussar. Påmeldinga opnar ved påmeldingsstart
og føregår på CheckIn
PÅMELDING TIL DISTRIKTSBUSSAR OPNAR 28. JANUAR KL 18.00 PÅ KRIK MIN SIDE
TOG
Frå togstasjonen er det gangavstand til leirområdet.
Frå Oslo: 5 timar og 25 minutt
RUTEBUSS
Frå rutebilstasjonen er det gangavstand til leirområdet.
Mellom anna kan du koma deg hit med buss frå stader som Lillehammer, Sogndal, Flåm, Gudvangen, Odda, Kvanndal og Ulvik.
Sognebussen: Sogndal – Voss – Bergen (sjekk www.skyss.no)
Aust–Vestekspressen: Lillehammer – Voss – Bergen
Haukeliekspressen: Oslo – Åmot – Haukeli – Odda* – Bergen* Byte i Odda for buss til Voss.
BIL
Rute: E16; Arna, Dale
Kilometer: ca. 100 km
Tid: ca. 1 time og 30 minuttOSLO–VOSS
Rute: Rv7 over Hardangervidda
Kilometer: ca. 380 km
Tid: ca. 6 timar
Vi ønskjer å ha med alle på leir, og vi prøver å leggje til rette for dette.
- IMPACT og aktivitetane kan tilpassast for personar med funksjonsnedsetjingar.
- IMPACT vil gå føre seg på norsk, men det vil vere mogleg å få omsetjing av møta til engelsk.
- Er du aktiv idrettsutøvar og treng tilrettelagde forhold på IMPACT, kan vi ordne det òg.
Dersom du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med oss på krik@krik.no
KRIK IMPACT 2027!
KRIKs leirfond har som formål å støtte barn og unge som ønsker å dra på KRIK-leir, men som av økonomiske årsaker ikke har mulighet til å reise. KRIK ønsker å være en organisasjon for alle og vil gjennom leirfondet gi flere barn og unge muligheten til å oppleve det gode KRIK- og leir-fellesskapet.
HVEM KAN SØKE?
- Alle som er medlem av KRIK* og som ønsker å dra på leir**, men som ikke har mulighet grunnet økonomiske årsaker.
*KRIK-medlemskap kr 120,- (dekkes ikke av leirfondet)
** Fondet dekker kun deltakelse på KRIKs hovedleirer: EXPLORE, IMPACT ACTION, ARENA og CAMP 20+.
HVORDAN SØKE?
- Du kan søke på krik.no/leirfond. Søknaden må sendes inn av enforesatt dersom deltakeren er under 18 år. Søknaden MÅ inneholde følgende:
– Navn, alder, adresse og mailadresse*
– Navn på leiren man ønsker å dra på
– Begrunnelse på hvorfor man søker
*Alt innhold i søknaden vil bli behandlet konfidensielt.
Behandlingstiden er normalt 2 til 3 uker
HVA KAN MAN SØKE OM?
- Deler av eller hele leiravgiften
- Reisevei til og fra leir
FONDET DEKKER IKKE:
- Kjøp av utstyr
- Lommepenger på leir
- Medlemsavgift i KRIK
ØVRIGE SPØRSMÅL?
Ta kontakt på leirfond@krik.no.
Ta kontakt med stand@krik.no
Spørsmål?



